Har du lyst å stille eit anonymt spørsmål til sokneprest Frode Kvamsøe om tvil og tru, kyrkja eller gudstenesta, Bibelen, livet eller om å vere prest? Eller om noko anna du har lurt på?
Då kan du kome på "Under galleriet" 27. oktober kl 19.00-20.30 i Dale kyrkje. Der skal han forsøke å svare på alle spørsmåla. Ta gjerne med deg ein ven :)
Spørsmålet ditt vil bli sendt til presten gjennom diakon Marianne Magnussen som heldt kurset "Inviterande kyrkje" for Dale kyrkjelyd i år. Ho er moderator for denne nettsida og skal halde innleiinga 27. oktober.